| 
 Kameleonquilt nr 2"..og jula varer heilt til påske"
 52 x 52 cm  (21''x 21'')
Denne quilten viser tre heilt forskjellige blomstermotiv avhengig av korleis
dei trekanta flippane er knappa.  Der er to "etasjer" med trekant-flippar,
fire store øvst, og åtte mindre under.
Bileta under viser dei tre blomstermotiva.
 
 På denne sida er ein animasjon som viser korleis dei tredimensjonale trekantane åpnar seg.
 | 
|   | 
Her er dei fire store trekant-flippane knappa innover mot midten.  Då ser vi berre
julestjerna.
 | 
|   | 
No er dei fire store trekantane vippa utover og er knappa ute i kvart hjørne.
Då kjem våren til syne med krokusar og snøklokker.Du kan sjå at dei åtte små trekant-flippane er knappa inn mot sentrum.
 | 
|   | 
På dette bildet har dei åtte små trekantane og blitt vippa utover og er knappa
nær kanten på quilten.  No har vi ei påskelilje i full blomst.
 | 
|   | 
Dersom berre fire av dei små trekantane blir vippa utover får vi ei stjerneform
omkransa av lilla krokusar.  Denne måten å knappe på brukar eg i advent.
 | 
| 
Denne quilten vart opprinnelig laga som ei pute, men vil også gjere seg godt på
veggen.
Puta vann førstepremie i ein konkurranse som var utlyst i vekebladet "Familien"
i år 2000.
 Premien var ein ti dagars tur til den internasjonale quiltefestivalen i Houston
i november same år, samt ein avstikkar til Lancaster County i Pennsylvania.
Eg hadde lenge ønskt å kunne reise dit, så eg var kjempeglad då eg vann denne turen.
Eg har også lage eit mønster
  til denne quilten. |